Hopp til innhold
X
Innhald

Socinianarar

Socinianarar er eit unitarisk kyrkjesamfunn som vart danna i Polen på 1500-talet. Det vart kalla opp etter italienaren Fausto Sozzini eller Socinua (1539–1604) som formulerte vedkjenningsskriftet deira. Socianarane forkasta læra om treeininga, om Kristi guddom og om funksjonen sakramenta hadde som nådemiddel. Kyrkjesamfunnet vart forbode i Polen i 1658.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012