Hopp til innhold

 Klosteret på Selja. Foto: Gunvor Karita, flickr.com
Klosteret på Selja. Foto: Gunvor Karita, flickr.com
X
Innhald

Sunniva

Sunniva var ein norsk helgen som etter det legenda seier, var ei kristen, irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk friar og stranda på Selje der ho og følgjet hennar slo seg ned i ei hole. Heidenske nordmenn ville jage henne vekk, men eit steinras stengde hola. Olav Tryggvason lét byggje ei kyrkje på staden som vart bispesete under Olav Kyrre. Det vart flytta til Bergen i 1170. Skrinet med lekamen til Sunniva vart sett på høgaltaret i domkyrkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012