Hopp til innhold
X
Innhald

Ultramontanisme

Ultramontanisme kjem frå latin ultra montes, på den andre sida av fjella, det vil seie Alpane. Nemninga vart brukt om ei konservativ retning i den romersk-katolske kyrkja, særleg på 1800-talet. Retninga voks fram i kjølvatnet av atterreisinga av Jesuittordenen i 1814.
Ultramontanismen hevda at all kyrkjemynde kjem frå paven og kjempa mot retningar som ønskte eit visst sjølvstende og liberalisme. Retninga vann ein stor siger då dogmet om at paven er ufeilbar vart vedteke på 1. Vatikankonsil i 1870.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012