Hopp til innhold
X
Innhald

Valdensarar

Valdensarar var ei reformatisk rørsle som vart stifta av kjøpmannen Petrus (Pierre) Valdès i Lyon ca. 1177. Han kalla seg pauperes Christi, som tyder Kristi fattige, og ville føre kyrkja attende til evangelisk fattigdom. Han forkasta pavedømet, læra om skjærselden og om messe for dei døde og aksepterte berre tre sakrament: bot, dåp og nattverd.
 
Rørsla vart bannlyst i 1184, men fekk likevel mange tilhengjarar i Vest- og Mellom-Europa. Valdensarane vart forfølgde på det grufullaste i hundreår, men oppnådde religionsfridom og borgarrettar i Nord-Italia i 1848. Det er rundt rekna 30 000 valdensarar i Italia og 15 000 i Sør-Amerika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 05.12.2012