Hopp til innhold
X
Innhald

Ypparsteprest

Ypparsteprest er ei norsk omsetjing av det hebraiske hakkohen haggadol, som er namnet på den øvste presten ved tempelet i Jerusalem. Etter landsforvisinga på 500-talet f.Kr. fekk ypparstepresten mykje å seie, òg politisk. Embetet fall bort etter at tempelet vart øydelagt i år 70 e.Kr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.05.2014