Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsriket

Dødsriket er tilhaldsstaden for dei døde. Tanken om eit dødsrike finst i dei fleste religionane, mellom anna i babylonsk: Arullu, gresk: Hades og i afrikanske religionar. Ofte vert dødsriket sett på som ein homogen, stille og mørk stad, og døden som ein søvn i motsetnad til himmelriket og Paradis. I fleire austlege religionar med reinkarnasjonslære finst ideen om dødsriket, men ikkje som ein permanent tilhaldsstad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012