Hopp til innhold
X
Innhald

Dygd

Dygd kjem frå latin virtus, styrkje, av vir, mann, og er eit kriste moralomgrep.
Ei dygd kan vere ei god handling, det vil seie ei handling som samsvarar med kristen morallære.
Frå den katolske mellomalderen har vi læra om dei sju dygdene i motsetnad til lastene og dødssyndene. Tre teologiske hovuddygder: tru, håp og kjærleik, og fire kardinaldygder: måtehald, rettferd, uthald og tolmod.
Moralfilosofisk er dygd uttrykk for stabile haldningar, viljedisposisjonar eller karaktertrekk som vi kan tileigne oss eller øve oss opp til, og som pregar både den handlande og handlingsresultatet på ein positiv måte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012