Hopp til innhold

 Statuen av Heilag-Olav på torget i Trondheim. Foto: Elizabeth Thomsen, flickr.com
Statuen av Heilag-Olav på torget i Trondheim. Foto: Elizabeth Thomsen, flickr.com
X
Innhald

Helgen

Helgen kjem frå latin sanctus som tyder heilag, og er ein person som på grunn av eksepsjonelle eigenskapar eller from livsførsel vert sedd på som heilag og vert tillagd mystisk kraft og spesiell innsikt.
 
Helgenar fungerer som bindeledd mellom einskildmenneske og Gud, særleg i samband med å lækje sjukdom og hindre ulukker.
 
Førestellinga om helgenar finst i fleire religionar, til dømes i islam der visse sufilærarar kan ha ein slik funksjon. I kristendomen har berre døde personar helgenstatus. Martyrane var dei første kristne helgenane, men etter kvart fekk òg andre helgestatus, til dømes Heilag-Olav.
 
Dei protestantiske kyrkjesamfunna godtek ikkje helgendyrking. Luther meinte at helgenar er moralske førebilete, men dei skal ikkje tilbedast. I den romersk-katolske kyrkja er deltaking i helgenkult, såkalla devosjon, frivillig, og har vore strengt regulert sidan 1170 då paven fekk einerett på å peike ut nye helgenar, såkalla kanonisering. Sentralt i helgendyrkinga står relikviar og forteljingar om livet til helgenane, såkalla hagiografi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012