Hopp til innhold
X
Innhald

Klostervesenet

Klostervesenet finst både i kristendomen, buddhismen og islam. Innanfor kristendomen starta klostervesenet i andre halvdelen av 200-talet. Klostervesenet i Vesten vart særleg ordna av Benedikt av Nursia som grunnla eit kloster på Monte Cassino ca. 529. Munkane og nonnene måtte forplikte seg til å leve i fattigdom og sølibat, ikkje forlate klosteret og å lyde dei overordna. På 1200-talet oppstod tiggarordenane som fransiskanarane og dominikanarane, som ikkje krev lovnad til eit visst kloster, men til ordenen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012