Hopp til innhold
X
Innhald

Millenarisme

Millenarisme kjem frå det latinske ordet mille, som tyder tusen, synonym for kiliasme, tusen på gresk. Omgrepet står for trua på ein framtidig paradisisk tilstand på jorda som skal vare i tusen år, og som er ein viktig faktor i folkeleg, kristen tradisjon. I mellomalderen gav ideen opphav til fleire kjettarrørsler, i moderne tider til fleire vekkingsrørsler, til dømes adventismen, ofte i kjølvatnet av kristen misjon, såkalla cargo-kult.
 
Tusenårsriket vert tenkt innført anten før dommedag, pre-millenarisme, eller etter dommedag, post-millenarisme. Millenarisme får dermed form anten som framtidsoptimisme eller som katastrofeforventningar. Bibelen seier lite om millenarisme. Førestellinga baserer seg stort sett på Joh Åp, 20.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 10.03.2013