Hopp til innhold
X
Innhald

Nypaganisme

Nypaganisme frå -pagan, frå latin paganus, som tilhøyrer landsbygda, er ei samlenemning på moderne religiøse grupper assosierte med naturmytologi og ritual utandørs. Nypaganisme vert ofte knytt til gudinnekult og nytolking av gamle, lenge døde religionar, til dømes amerikansk-indiansk, norrøn og minoisk. Best kjend er den amerikanske Wicca-rørsla.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012