Hopp til innhold
 Den buddhistiske stupaen Boudhanath i Kathmandu, Nepal. Foto: Phil Parsons, flilckr.com
Den buddhistiske stupaen Boudhanath i Kathmandu, Nepal. Foto: Phil Parsons, flilckr.com
X
Innhald

Relikviar

Relikviar kjem frå latin reliquiae, leiving, og er fysiske restar eller spor av heilage personar; gudar eller helgenar som vert tillagt ei heilag, mystisk kraft, som regel delar av kroppen, eigedelar eller gjenstandar som dei heilage har teke i. Relikviar finst i fleire religionar, til dømes buddhismen der templet, stupaen, er eit monument bygt over ein Buddha-relikvie. I kristendomen er relikvie viktig i samband med helgenkult.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012