Hopp til innhold
X
Innhald

Votiv

Votiv kjem av det latinske ordet votivus, til vovere, som vil seie å gi ein høgtideleg lovnad. Ein lovnad, noko som er gitt til gudane som takk. Votivfunn er funn av oldsaker som har vore gitt som offergåver til gudane. Votivgåve er ei gåve som vert gitt som takk til guddomen. Votivkyrkje er ei kyrkje som er bygd og utsmykka etter lovnaden og som takk til Gud.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012