Hopp til innhold
X
Innhald

Zarathustra

Zarathustra eller Zoroaster er ein iransk religionsstiftar og profet frå ca. 600 før Kristus. Religionen er kjend som zoroastrisme, mazdaisme eller parsisme, og var offisiell religion i Iran før den arabisk-islamske erobringa på 600-talet etter Kristus.
Zoroastrismen finst i dag hos parsarane i India. Den heilage skrifta, Avesta, har ei dualistisk lære med ein god gud, Ahura Mazda eller Ohrmuzd, og ein vond guddom, Ariman eller Angra Mainyu, som står mot kvarandre. Kampen mellom den gode og den vonde skal ende med at verda går under og den gode sigrar, såkalla apokalyptikk. Det moralske ansvaret til mennesket er å kjempe på den gode sida. Zoroastrisme-ideane om verdsutviklinga har påverka jødedom, kristendom og islam.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012