Hopp til innhold
Rembrandt: Nattevakta (1642). Originaltittel: De compagnie van kapitein Frans Banning Cocq en luitenant Willem van Ruytenburgh maakt zich gereed om uit te marcheren. Kjelde: Rijksmuseum. Til fri bruk.
Rembrandt: Nattevakta (1642). Originaltittel: De compagnie van kapitein Frans Banning Cocq en luitenant Willem van Ruytenburgh maakt zich gereed om uit te marcheren. Kjelde: Rijksmuseum. Til fri bruk.
X
Innhald

Rembrandt

Rembrandt (eigentleg Rembrandt Harmenszoon van Rijn), 1606–69, var nederlandsk målar og grafikar.

Han er ein av dei mest sentrale personlegdommane innanfor heile målarkunsten og grafikken. Rembrandt måla portrett, landskap, historiske og bibelske motiv og dramatiske komposisjonar i ein varm og harmonisk fargeskala med sterke lyskontrastar (clair-obscur).

Av kjende tidlege verk er Abrahamsofferet (1635), portrett av den første hustrua Saskia og eit av dei mest kjende måleria i kunsthistoria, Nattevakta (1642). Etter at Saskia døydde i 1642, vart bileta hans meir religiøst inderlege, ofte med ein mild Kristus som hovudfigur, som i Kristus i Emmaus (1648). Mellom dei seinare verka finn ein Claudius Civilis (1661) og Jødebrura (kring 1665), som er prega av ei inntrengjande psykologisk innleving. Dette ser ein også i den lange rekkja av sjølvportrett. Rembrandt var også ein framifrå raderar. Han hadde ein stor verkstad og mange elevar. Han fekk stor innverknad både i samtida si og for dei seinare generasjonane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 10.10.2019