Hopp til innhold
X
Innhald

Rogaland offentlege landsgymnas

Rogaland offentlege landsgymnas vart skipa som privat landsgymnas på Bryne i 1924, fekk eksamensrett i 1929 og vart statleg i 1947.

Rogaland landsgymnas opna som privat gymnas på Bryne i august 1924. Det var det sjuande landsgymnaset i landet. Frå før fanst det tre private gymnas, Volda (1910), Firda (1922) og Orkdal (1923). Tre landsgymnas var statlege, Voss (1916), Eidsvoll (1922) og Hornnes (1922).

Dei to første åra kom 60 prosent av driftsmidlane frå Time kommune og grannekommunar, resten kom frå privatpersonar, mållag og bygdeungdomslag. Etter to år fekk gymnaset tilskot frå staten og fylket.

Private skular måtte føre minst eitt elevkull fram til eksamen før dei kunne søkje om eksamensrett. Det første kullet ved gymnaset gjekk difor opp som privatistar i alle fag. Men eksamen vart halden på Bryne, og elevane vart eksaminerte av sine eigne lærarar.

Skulen fekk eksamensrett i 1929, og i 1947 vart landsgymnaset statleg og fekk namnet Rogaland offentlege landsgymnas. Bryne interkommunale realskule vart i 1952 statsrealskule og vart knytt til gymnaset. Drifta av gymnaset gjekk over til fylket i 1965, og namnet vart då endra til Bryne gymnas. Frå hausten 1976 vart gymnaset vidaregåande skule.

Før krigen hadde gymnaset reallinje og latinlinje. I åra 1929–31 var det også gresklinje. Latinlinja vart skifta ut med engelsklinje i 1946, men kom tilbake i 1960. Då fekk skulen også naturfaglinje og økonomisk linje. I åra 1970–78 var det norrønlinje. 1975 var det siste året det vart teke opp elevar til det linjedelte gymnaset.

Edvard Brakstad var rektor fram til 1931, Mikjel Haugstveit tok over til 1947. Deretter følgde Bjarne Undheim 1947–72, med Øyvind Grotmol som rektor i dei åra Undheim sat på Stortinget, 1961–69. Frå 1972 var Jakob Soma rektor.

Fram til etter andre verdskrigen heldt gymnaset til i den nye folkeskulebygningen som Time kommune hadde fått reist på Bryne i 1922–23. I 1946 flytta skulen inn i eige hus på nabotomta. Eit klasseromstilbygg kom i 1960 og ein vinkelfløy i 1962. Ein idrettshall stod ferdig i 1964.

Bakgrunn

Tanken om eit landsgymnas i Rogaland vart for alvor lansert av Jonas Line i ein artikkel i Stavanger Aftenblad 9. november 1921. Line var styrar på mellomskulen i Sand. «Soleis som tilhøva no er, er det overlag vondt for ein landsungdom aa koma seg fram i skulevegen», skreiv han.

For å kome inn på vanleg gymnas måtte ein ha mellomskule. Mellomskulane fanst stort sett i byane. Bygdeungdom måtte difor reise tidleg heimanfrå, og utdanningsvegen var dyr. Opplæringa var på riksmål. Lova om landsgymnas frå 1914 gjorde det mogleg å ta 4-årig gymnas etter 7-årig folkeskule, framhaldsskule og ei opptaksprøve.

Line heldt foredrag om saka på årsmøtet til Rogaland Mållag 6. januar 1922 og gjorde framlegg om at mållaget skulle setje ned ei nemnd. På første møtet i nemnda vart Line vald til formann og lærar T.G. Dybing til sekretær.

Nemnda kontakta kjende rogalendingar og bad dei uttale seg om skuletanken. Svar kom på prent i Stavanger Aftenblad. Dei fleste støtta initiativet, mellom dei var skuledirektør Hans Gjøstein, biskop Peter Hognestad, statskonsulent Jon Sæland og Arne Garborg, som i foredraget «Norske Embættsmenner» i 1906 hadde bore fram den nasjonale tanken om landsgymnas.

Kommunane Høyland og Time lova fritt husvære og pengetilskot. Andre kommunar var òg nemnde i samband med lokaliseringa av skulen.

Nemnda og årsmøtet i mållaget gjekk inn for Bryne i Time. På eit møte 4. februar 1924, med utsendingar frå interesserte kommunar og aktuelle bidragsytarar, vart det gjort endeleg vedtak om plassering og retningslinjer for gymnaset. Den første paragrafen lydde: «Rogaland gymnas er tufta på heilnorsk grunn.» Dei andre paragrafane galdt finansiering og styringsform.

Det første elevkullet gjekk ut i 1928. Det var 18 kandidatar, av dei fire kvinner. Avslutninga, studentdåpen, skjedde i Knudaheio. Det var fast tradisjon til og med 1975.

Elevar

Dei første 25 åra hadde skulen om lag 460 elevar. Ein tredel kom frå Time kommune, dei fleste andre frå grannekommunane. Det var få elevar frå Ryfylke og Nord-Rogaland. 24 elevar kom frå Hordaland, 17 frå Vest-Agder, 4 frå andre fylke.

Vel 140 av elevane kom frå gardar, fedrane var bønder. Litt over hundre kom frå lærarheimar. Deretter følgde born av tenestemenn, funksjonærar og kjøpmenn. 21 hadde fedrar som var handverkarar. Etter examen artium tok tredjeparten av studentane utdanning på universitetet eller høgskular. Dei fleste andre gjekk fagskular av ymse slag.

Dei første 25 åra var gjennomsnittstalet på kulla 22, dei neste 25 åra 110. I perioden 1960–74 varierte det samla elevtalet mellom 540 og 830. I tidlege år, 1928–34, var 16 prosent av kandidatane kvinner. I 1956–60 hadde dette prosenttalet vakse til det doble. Rundt 1970 var halvparten av dei uteksaminerte kvinner.

Den sterke auken i elevtalet frå slutten av 1950-åra hang saman med endringar i samfunnet, veksande fødselskull og betre økonomisk evne på landsbygda. Men viktig var det òg at den interkommunale realskulen i 1952 vart statsrealskule, med same administrasjon og lærarar som gymnaset. På kort tid voks talet på realskuleklassar frå to til åtte. Dermed måtte også gymnaset utvidast.

Elevsamfunnet Framsyn vart skipa i 1928, men sovna etter kvart inn. Eit nytt elevsamfunn, Veritas, vart stifta i 1940 og fekk eit langt liv. Det fekk òg det kristne elevlaget som vart starta i 1929, og som frå 1945 var kjent under namnet Credo. Laga hadde handskrivne blad, «Vibå» og «Ora et labora». I 1965 kom den trykte skuleavisa Parolen.

Bjarne Undheim. Kjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.

Bjarne Undheim, rektor ved Rogaland offentlege landsgymnas 1947–72. Kjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.

Lærarar

Gymnaset starta med to lærarar i august 1924, Edvard Brakstad og Mikjel Haugstveit. Det vart snart fleire. I 1931 hadde skulen åtte lærarar, i 1949 var det ti. I 1965 hadde talet vakse til 34, timelærarar ikkje medrekna.

Nokre av dei tidlege lærarane vart verande ved skulen i rundt førti år: Ola Nordsletten og Øyvind Grotmol kom til gymnaset i 1926, Bjarne Undheim i 1930, Magnus Jonsbråten i 1932. Dei var alle markante personlegdomar i skulen si historie.

Fleire unge lærarar som var innom skulen tidleg i 1930-åra, vart seinare kjende filologar eller skulefolk. Olav Næs var tilsett i 1930–31, Tønnes Sirevåg og Eirik Vandvik var årsvikarar i 1931–32, Eivind Vågslid var tilsett i 1933–34.

Ingen av lærarane og få av elevane sympatiserte med Nasjonal Samling under krigen. I mars 1942 vart tre lærarar, Grotmol, Haugstveit og Nordsletten, sende til fangeleiren i Kirkenes. Magnus Jonsbråten og Tønnes Skjæveland sat ei tid på Grini, men vart sette fri. Skjæveland vart arrestert på ny sommaren 1943, vart send til ein offisersleir i Polen og døydde.

To av lærarane ved landsgymnaset vart valde inn på Stortinget: Bjarne Undheim for Senterpartiet i 1961–69, Inga Tusvik for Venstre i 1965–69.

Bryne vidaregåande skule i 2004. Fotograf: Jon Grepstad.

Bryne vidaregåande skule i 2004. Fotograf: Jon Grepstad.

Frå Bryne gymnas til Bryne vidaregåande skule

Etter endringane i vidaregåande opplæring i 1974 fekk skulen namnet Bryne vidaregåande skole. Ordet «skole» vart skifta ut med «skule» i 1994. I august 2014 – 90 år etter at dei første elevane møtte til undervisning på det private landsgymnaset – vart Bryne vidaregåande skule slått saman i nye lokale med Time vidaregåande skole, som sidan 1976 hadde gitt yrkesfagopplæring.

 

Kjelder

Edvard Brakstad: «Rogaland landsgymnas», i K. Koppang ofl. (red.): De høiere skolers historie. Oslo 1931

Arne Garborg: «Landsgymnas i Rogaland», Stavanger Aftenblad 25.3.1922

Gunhild Hammeraas ofl.: «Knudaheio som minnestad», i Ottar Grepstad (red.): Forfattarens skriftstader. Oslo 2018

Jonas Line: «Landsgymnas i Rogaland», Stavanger Aftenblad 9.11.1921

Ola Nordsletten ofl. (red.): Rogaland landsgymnas 1924–1949. Bryne 1949

Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007

Tønnes Sirevåg: Kunnskap skal glede di sjel. Attersyn på tronge tider og vegen som gjekk gjennom skolen. Oslo 1979

Johan Veka: Rogaland Mållag i femti år. 1920–1970. Bryne 1970

Geir Magne Aanestad: Credo – Bryne kr. gymnasiast- og realskolelag 40 år. Stavanger 1969


Jonas Line: «Landsgymnas i Rogaland», Stavanger Aftenblad 9.11.1921, side 5. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.nohttp://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_stavangeraftenblad_null_null_19211109_29_246_1

Audun Skryten ofl. (red.): Bryne vidaregåande skule 75 år. 1924–1999. Bryne 1999. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009030900022 [lesedato 15.3.2019]

Jakob Soma ofl. (red.): Bryne gymnas 50 år. Bryne 1974. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2015052708129 [lesedato 15.3.2019]

Njål Tjeltveit: Så lang ein strid. Rogaland Mållag gjennom 75 år. Stavanger 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008021800064 [lesedato 15.3.2019]

 

Peikarar

Tønnes Sirevåg: «Lektorvikar ved Rogaland landsgymnas», i Kunnskap skal glede di sjel, nb.no

Nettstaden til Bryne vidaregåande skule, bryne.vgs.no

Først publisert: 13.06.2019
Sist oppdatert: 17.06.2019