Hopp til innhold
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
Foto: Gyldendal Norsk Forlag
X
Innhald

Rolf Jacobsen

Rolf Jacobsen, poet og avisredaktør, var ein av dei første modernistane i norsk lyrikk. I diktinga skildrar han tilhøvet mellom natur og teknologi, og han balanserer fint mellom fascinasjon og kritisk refleksjon.

Rolf Jacobsen var fødd 8. mars 1907 i Oslo og døydde 20. februar 1994 på Hamar. Han levde i Oslo dei første åra, men familien flytta til Flisa i Solør i 1913. I 1926 tok han examen artium ved Fagerborg skole i Oslo. Seinare studerte han teologi, filologi og litteratur ved Universitetet i Oslo, men fullførte aldri anna enn førebuande eksamenar.

I 1934 byrja Jacobsen som journalist i Kongsvinger Arbeiderblad (frå 1943), og på nyåret i 1941 blei han redaktør i avisa under omdiskuterte omstende. Jacobsen hadde meldt seg inn i Nasjonal Samling i 1940, og redaktørskiftet under den andre verdskrigen var prega av lobbyverksemd mellom anna frå NS-pressesjefen på Hamar. Etter krigen blei han dømd til straffearbeid, som han sona frå 1946 til 1947 på Sandbakken fangeleir i Elverum. På nyåret i 1949 var Jacobsen attende i vanleg arbeid i M. Gravdahls bokhandel på Hamar, der han arbeidde fram til 1960. Frå 1961 til 1971 var han journalist, redaksjonssekretær og nattredaktør i Hamar Stiftstidende.

Jacobsen debuterte i 1933 med Jord og jern, som kan seiast å vere den første modernistiske diktsamlinga i Noreg. Han gav ut elleve diktsamlingar til, mellom dei Fjerntog (1951), Stillheten efterpå (1965) og Nattåpent (1985). Første utgåva av Samlede dikt kom i 1973. I 1990 gav han sjølv ut Alle mine dikt, og etter at han var død, gav Hanne Lillebo ut En liten kvast med tusenfryd og fire rare løk. Ukjente dikt og tekster 1925–1993 (1996) og ei revidert utgåve av Samlede dikt (1999).

For Brev til lyset (1960) fekk Jacobsen Kritikarprisen. Han fekk òg Riksmålsforbundets litteraturpris (1965), Doblougprisen (1968), Aschehougprisen (1986) og Svenska Akademiens nordiske pris (1989). Han fekk aldri Nordisk råds litteraturpris, men var nominert fire gonger. I 1997 blei Rolf Jacobsens Venner skipa, og i 2007 opna foreininga Nordisk samtidspoesifestival – Rolf Jacobsen-dagene – som blir arrangerte på Hamar ein gong i året. I 2013 tonesette Ingvild Koksvik eit knippe dikt frå Nattåpent (1985) på ei plate med same namn.
(artikkelen held fram under videoen)
Ingvild Koksvik framfører «Ildfluene», frå Nattåpent
 
Tidleg modernisme – natur og teknikk 
Med Jord og jern trødde Jacobsen dei første stega i det norske modernistiske landskapet. Diktarar som Rudolf Nilsen og Kristofer Uppdal hadde rett nok skildra storbyliv og teknologisk framvekst før han. I dikt som «Byens metafysikk» og «Jernbaneland» fullbyrdar likevel Jacobsen ei utvikling som byrja med «regelbrota» til Henrik Wergeland, og som ein vidare kan spore i Sigbjørn Obstfelder sine musikalske, men frie vers. Samstundes opna dikta hans for vidare eksperimentering, og Jacobsen kan slik seiast å ha gått opp nye stiar for den moderne lyrikken.
Oppfølgjaren Vrimmel (1935) er mindre heilskapleg og ikkje heilt på høgd med debuten. Samlinga inneheld likevel mange gode dikt og er eit naturleg framhald i den poetiske utviklinga til diktaren. Også her er det dei moderne og frie versa som dominerer, men Jacobsen synest like fullt å halde seg sjølv i tyglane. I Vrimmel er det fleire dikt i tradisjonell form enn i debuten, og grunntonen er meir pessimistisk, skepsisen til framsteg og utvikling større. Dikt som «Myrstrå vipper», «Arv og miljø» og «Virkelighet» er blant høgdepunkta.
(artikkelen held fram under videoen)
 
NRK Skole: «Rolf Jacobsen - signal»: http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/314829 [lesedato 20.9.2013]
Den lange pausen – politikk, journalistikk, krig og rettsoppgjer 
Det gjekk seksten år frå Vrimmel kom ut i 1935 til den neste samlinga, Fjerntog, dukka opp i 1951. Denne lange pausen i forfattarskapen har fleire grunnar. Pengemangel var eit problem i tida, og Jacobsen såg seg nøydd til å prioritere arbeidet som journalist. Han var òg ein aktiv organisasjonsmann i åra før krigen. I 1936 var han formann i Flisa arbeiderungdomslag og aktiv i ungdomslaget si amatørteatergruppe, «Tramgjengen». I 1937 blei han formann i Åsnes Arbeiderparti. Under krigen var han oppteken som redaktør. I 1940 trekte Jacobsen seg som formann i Åsnes Arbeiderparti, og seinare same året melde han seg inn i Nasjonal Samling. 9. mai 1945 blei han arrestert og stilt for retten. Retten kom fram til at han «i okkupasjonstiden var det man kaller en overbevist nazist», på grunnlag av det han hadde publisert i Kongsvinger Arbeiderblad / Glåmdalen då han var redaktør. I august 1946 blei han dømd til tre og eit halvt års tvangsarbeid.

Sjølv meinte Jacobsen at han hadde måtta velje mellom to vonde då kongen og Johan Nygaardsvold si regjering flykta til London i 1940. Han sleit likevel med skuldkjensle og svingande humør etter rettsoppgjeret. I 1951 gav han ut Fjerntog og konverterte same året til katolisismen. Forlaga ville vanlegvis ikkje gi ut bøker av tidlegare NS-medlemer i denne tida, men Gyldendal gjorde eit unntak for Jacobsen, i motsetnad til kva dei gjorde for andre diktarar, til dømes Åsmund Sveen. Like eins er Jacobsen si dikting sjeldan blitt kopla til nazismen, medan til dømes Knut Hamsun si dikting er blitt saumfaren for spor etter nazistisk ideologi. Fjerntog fekk lunken kritikk då samlinga kom ut, men i ettertid er det lettare å sjå kvalitetane i dikta. Dei er meir orienterte mot naturen enn teknologien, og dei naturlege fenomena er ofte gitt menneskelege eigenskapar. Det er òg åndelege undertonar i samlinga, og mange av dikta har religiøs symbolikk og religiøse motiv.

Det andre gjennombrotet 
Med Hemmelig liv (1954) fekk Jacobsen eit nytt gjennombrot. Dikt som «Bussene lengter hjem» og «Landskap med gravmaskiner» har meir til felles med Jern og jord enn med Fjerntog. Etter fleire gode diktsamlingar i 1950- og 60-åra og ei rekkje prisar kom Stillheten efterpå (1965), som òg ber den lågmælte diktarstemma til Jacobsen. Samstundes er dikta skarpt sivilisasjonskritiske og stundom reint makabre i biletbruken. Med Pusteøvelser (1975) og Tenk på noe annet (1979) viser Jacobsen seg igjen som ein svært miljøbevisst diktar, og det grøne omslaget på førsteutgåva av Pusteøvelser står godt til innhaldet. Ein merkar tydeleg det globale perspektivet og omsuta for jordkloden i desse dikta, til dømes i «Til jorden (med vennlig hilsen)».

Mot slutten av 1983 døydde kona til Jacobsen, og i åra etterpå skreiv han ei av dei finaste diktsamlingane sine. Nattåpent (1985) er eit sorgarbeid, men òg eit kjærleiksarbeid, og dikta er naturleg nok meir personlege enn i dei tidlegare samlingane. Melankolske og vare dikt som «Kjente jeg deg?», «Piggtrådvinter» og «Plutselig i desember» føyer seg, saman med ei rekkje andre Jacobsen-dikt, inn i sentrum av norsk litterær kanon.

Kjelder 
Ole Karlsen (red.): Frøkorn av ild. Om Rolf Jacobsens forfatterskap. Oslo 1993
Hanne Lillebo: Ord må en omvei. En biografi om Rolf Jacobsen. Oslo 1998
Hanne Lillebo (red.): Stier med lavmælt lys. Om Rolf Jacobsens diktning. Oslo 2007
Olav Vesaas: Rolf Jacobsen – en stifinner i hverdagen. Oslo 1994
Jan Erik Vold: «Storbydikt lagret i 81 år», Morgenbladet 28.10.2005: http://morgenbladet.no/boker/2005/storbydikt_lagret_i_81_ar#.UjxGprxeI7A [lesedato 20.9.2013]
Peikarar 

Først publisert: 25.11.2013
Sist oppdatert: 10.04.2018