Hopp til innhold
Foto: Universitetet i Oslo
Foto: Universitetet i Oslo
X
Innhald

Rolf Theil

Rolf Theil, lingvist og uvanleg språkmektig formidlar av kunnskapar om språk frå heile verda.

Theil er fødd 30. oktober 1946 i Porsgrunn. Han tok magistergraden i lingvistikk i 1975, med kinesisk og samisk som støttefag. Han er i dag professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er Theil kognitivist og ser såleis språklege mønster og kategoriar i samanheng med måtar menneske tenkjer på.
 
I forskinga si har Theil vore særleg oppteken av afrikanske språk, til dømes det vestafrikanske fulfulde-språket. Han har også laga ei rettskriving for språket nizaa, som blir snakka i Kamerun, og som tidlegare ikkje hadde funnest som skriftspråk. Han har også arbeidd med eit tilsvarande prosjekt for taterspråk, med utarbeiding av ei lærebok i norsk romani for skuleborn.
 
Theil har vore leiar for Landslaget for språklig samling og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. I innføringsboka Fonetikk og fonologi (1988) har han prøvd ut ein eigen samnorskvariant. Som formidlar har han halde ei rekkje foredrag og har hatt språkspalte i Klassekampen og VG. I 2007 gav han ut den populærvitskaplege boka Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk.

Theil har skrive over 100 artiklar om språk frå heile verda for Allkunne.
 
Kjelder
Trine Nickelsen: «Rolf Theil Endresen: Grenselaust forelska i språk», Apollon nr. 3/2001

Først publisert: 17.12.2009
Sist oppdatert: 21.02.2019