Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Lucia

Saint Lucia, vulkansk øy i Dei små Antillane i Karibia. Den viktigaste eksportartikkelen er bananar, men kakao, kokosnøtter og sitrusfrukter er også viktige varer. Dessutan er turismen ein viktig leveveg.
Foto frå landsbyen Anse La Reye. Foto: whl.travel, flickr.com CC BY 2.0
Foto frå landsbyen Anse La Reye. Foto: whl.travel, flickr.com CC BY 2.0

Saint Lucia var fransk koloni frå 1650 til 1814, og deretter vart øya britisk. Fullt sjølvstyre innanfor Samveldet fekk landet i 1979. Diktaren Derek Walcott frå Saint Lucia fekk nobelprisen i litteratur i 1992.
Statsoverhovud er dronning Elisabeth II av Storbritannia. Allen Chastanet har vore statsminister sidan juni 2016.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 21.02.2019