Hopp til innhold
Sameflagget. Sameflagget har fargane raudt, blått, grønt og gult, med ein ring i midten som symbol på runebomma, sola og månen, og eit holistisk verdssyn.
Sameflagget. Sameflagget har fargane raudt, blått, grønt og gult, med ein ring i midten som symbol på runebomma, sola og månen, og eit holistisk verdssyn.
X
Innhald

Samar

Samar (samisk sámit), urfolk i Noreg, Sverige, Finland og på Kolahalvøya. Same er den skandinaviske forma av det samiske ordet sápmi (nordsamisk) eller saemie (sørsamisk), som viser til både område, folkegruppe og språk.

Urfolk er nasjonar som er organiserte på ein annan måte enn nasjonalstatane – utan sentralmakt, stormenn, kongar, militære, fysiske grenser osv. Samane har eksistert som eitt folk på nordkalotten, med eige språk, historie, kultur, verdsoppfatning og samfunnsform, tradisjonar og levevegar (alt med lokale variasjonar), lenge før nasjonalstatane oppstod og gradvis gjorde samane til eit folk som lever i fire land. 

Tradisjonelle samiske levevegar er reindrift, kombinasjonsnæringar av jordbruk, fangst og fiske saman med duodji, det vil seie husflid og anna handverk, til dømes båtbygging.

Sjølv om mange samar snakkar eitt eller fleire av dei samiske språka, er det òg mange som ikkje har lært samisk, korkje i heimen eller på skulen, og ein del eldre samar er analfabetar. Gjennom langvarig kolonisering tok storsamfunna i bruk ulike tiltak for å gjere samane norske, svenske, russiske eller finske. Eit av tiltaka var meir eller mindre aktivt å motarbeide det samiske språket, og dessutan dei fleste andre samiske kulturuttrykk. 

Statsgrensene går hovudsakleg nord–sør og skjer tvers over dei samiske språk- og sida-grensene (samisk siida), som i hovudsak går aust–vest. I fleire høve har folk frå den same vesle folkegruppa, grannar, slekt og familie, vore skilde av fysiske grenser i generasjonar, utan sjanse til kontakt. Det er naturleg for samar å tenkje på tvers av grensene når det er tale om Sápmi (Sameland), samisk kultur og samisk samfunnsliv, og ein seier helst til dømes «på svensk side» i staden for «i Sverige».

Samefolkets dag vert feira 6. februar, etter det første samepolitiske møtet på tvers av riksgrensene, halde i Trondheim i 1917 av Brurskanken samiske kvindeforening, ved leiaren Elsa Laula Renberg. 

Sameflagget har fargane raudt, blått, grønt og gult, med ein ring i midten som symbol på runebomma, sola og månen, og eit holistisk verdssyn. Samiske flaggdagar er mellom anna Samefolkets dag, FNs urfolksdag og dagane for opninga av dei ulike sametinga, og dessutan viktige samiske merkedagar frå gamal tid, til dømes jonsok.

 
Video frå NRK Skole om Samefolkets dag.

Først publisert: 15.08.2014
Sist oppdatert: 06.02.2018