Hopp til innhold
Inge Staldvik. Portrett frå stortingsperioden 1993–97. Kjelde: stortinget.no. ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Inge Staldvik. Portrett frå stortingsperioden 1993–97. Kjelde: stortinget.no. ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Inge Staldvik

Inge Staldvik, småbrukar, verthuseigar, tidlegare ordførar, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og for Sosialistisk Venstreparti frå Nord-Trøndelag.

Inge Staldvik er fødd 1. januar 1955 i Namsskogan i Nord-Trøndelag, der han òg vaks opp. Han var ferdig med realskulen i 1972, tok så eit år på Mære landbrukskole i 1972–73 og var elev ved Ringsaker folkehøgskole i 1974–75. I 2002 tok han eksamen i tradisjonsmat ved Høgskolen i Telemark og blei kommunalkandidat frå Høgskolen i Nord-Trøndelag i 2004.

Staldvik var gruvearbeidar i 1973–74, arbeidde som likningssekretær i Nittedal i 1975–78 og har vore småbrukar sidan 1983. I 1997–99 var han prosjektleiar for mobiliseringsprosjektet Bygdaliv. I 2005 opna han vertshuset Skjenkestova i Skorovatn i Namdalen.

Han var nestleiar i Nord-Trøndelag AUF i 1972–74, organisasjonssekretær i 1978–82 og leiar i Røyrvik Ap i 1974 og 1986–88. I perioden 1983–85 var han ordførar i Røyrvik kommune for Ap, som den yngste i landet, og 1995–2003 var han kommunestyrerepresentant for SV i Røyrvik. Han var leiar for Røyrvik SV i 1995–97, fylkesleiar i Nord-Trøndelag i 1994–96 og fylkestingsrepresentant i 1999–2007.

Staldvik var vald som stortingsrepresentant for Ap frå Nord-Trøndelag i 1985–93 og hadde plass i landbrukskomiteen. I 1992 melde han overgang til SV på grunn av EØS-avtalen, som han var motstandar av. I 2010 melde han seg ut av SV i protest mot partiet sitt standpunkt om å auke rovdyrbestanden.

Saman med Egil Hyldmo gav Staldvik ut boka Nok er nok (1993) i samband med EU-avrøystinga i 1994. Han er idealist og oppteken av at kulturen i Utkant-Noreg ikkje skal døy ut, og han var ein av leiarane i grasrotaksjonen «La bygdene leve, Jens!» i 2010. Staldvik blei i 2014 dømd til fengsel på vilkår i fire månader for underslag medan han var fylkessekretær i Nord-Trøndelag Bonde- og Småbrukarlag. Han hadde sett pengar inn på utanlandske kontoar for å få betre avkastning.

Staldvik har hatt ei rekkje tillitsverv, mellom anna i LO i Nord-Trøndelag i 1979–83. Han var medlem av landssamanslutninga av vasskraftkommunar i 1985–91, og han var medlem av styret i Nei til EU i 1990–95. Staldvik var òg leiar av Naumdøla Mållag i 1996–2000 og frå 2019.

I 2011 blei han kåra til «Årets Ølhund» av Bryggeri- og drikkevareforeningen for måten han har kombinert ølkultur og lokalkultur på.

 

Kjelder

Inge Staldvik, stortingsrepresentant, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representant/?perid=INST [lesedato 9.12.2019]

Jørgen Pettersen: «Dømt til fire måneders fengsel», nrk.no, publisert 30.6.2014: https://www.nrk.no/trondelag/inge-staldvik-domt-til-fengsel-1.11806729 [lesedato 3.12.2019]

 

Peikarar

Christiane Jordheim Larsen: «Rovdyrprotest i SV», aftenposten.no, publisert 16.11.2010

Tom Raae: «– La bygdene leve!», dagsavisen.no, publisert 17.12.2010

Bryggeri- og drikkevareforeningen: «Inge Staldvik er Årets Ølhund», drikkeglede.no, publisert 29.10.2011

Først publisert: 06.10.2020
Sist oppdatert: 06.10.2020