Fylkeskommune
Fylkeskommune
Fylkeskommunen er ei regional, administrativ og politisk eining som vert styrt av folkevalde representantar innanfor eit fylke. Alle norske fylke har ein fylkeskommune.
Fylkesmann
Fylkesmann
Fylkesmannen er regjeringa sin representant i fylket. Fylkesmannen har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Noreg har 18 fylkesmenn.
Kommune
Kommune
Ein kommune er ei lokal, administrativ og politisk eining som vert styrt av folkevalde representantar. Noreg har 428 kommunar.
ROBEK
ROBEK er ei nemning på ei ordning der staten tek økonomisk kontroll over kommunar eller fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.
Lokalstyret på Svalbard
Lokalstyret på Svalbard
Svalbard er ein del av Noreg, men er verken eit fylke eller ein kommune. Longyearbyen har eit lokalstyre som er valt for fire år, som har ansvar for ei rekkje tenester.
Asylmottak
Asylmottak
Asylmottak er nemninga på det statlege butilbodet til personar som ventar på å få asylsøknaden sin behandla av Utlendingsdirektoratet. Etter ein topp i 2015 gjekk talet på asylmottak sterkt ned, som ei følgje av nedgang i talet på asylsøkjarar til Noreg.
Helseføretak
I 2001 vedtok Stortinget at staten skulle overta eigaransvaret for sjukehusa frå fylkeskommunane. Med denne sjukehusreforma vart sjukehusa organiserte i helseføretak.
Statssekretær
I eit departement har statssekretæren berre statsråden over seg, og han eller ho verkar som ein fortruleg rådgivar for statsråden.