Hopp til innhold
X
Innhald

Asylmottak

Asylmottak er nemninga på det statlege butilbodet til personar som ventar på å få asylsøknaden sin behandla av Utlendingsdirektoratet. Etter ein topp i 2015 gjekk talet på asylmottak sterkt ned, som ei følgje av nedgang i talet på asylsøkjarar til Noreg.

Asylsøkjarar har rett til ein stad å bu medan dei ventar på at søknaden deira skal bli behandla. Styresmaktene har etablert fleire typar asylmottak for å oppfylle denne retten. Utlendingsdirektoratet (UDI) har det overordna ansvaret for asylmottaka, men drifta blir utført av driftsoperatørar som har teikna kontrakt med UDI. Slike driftsoperatørar kan vere kommunar, frivillige organisasjonar eller private aktørar.

 

Sidan 2015 bur asylsøkjarar først på eit stort inntakssenter i Østfold, medan dei blir registrerte hos politiet og hos UDI. Etter nokre dagar blir dei flytta til ordinære asylmottak eller til mellombelse transittmottak, der dei bur medan dei ventar av plass på eit ordinært mottak. På transittmottaka bur også dei som får raskt avslag på asylsøknaden og ventar på å reise ut av landet. Ved nokre ordinære asylmottak finst eigne tilrettelagde avdelingar for asylsøkjarar med psykiske hjelpebehov. Einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år skal bu på eigne omsorgssenter, under ansvarsområdet til Barne-, ungdoms- og familieetaten.

 

Asylsøkjarar som har fått, eller kan rekne med å få, opphald i Noreg, kan søkje om plass ved eit integreringsmottak medan dei ventar på å bli busette i ein kommune. Integreringsmottak blei etablerte som ei prøveordning i 2016, og meininga er at asylsøkjarar som bur der, skal få individuelt tilrettelagd opplæring og ein aktivitetsplan, noko som skal gjere det lettare for dei å kome raskt i jobb og ta del i det norske samfunnet.

 

Ved slutten av 2015, då tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg var på det høgaste, hadde UDI om lag 39 000 mottaksplassar, utanom inntakssenteret. I åra etterpå gjekk talet på asylsøkjarar drastisk ned, og mange asylmottak blei nedlagde då UDI sa opp kontraktane med operatørane. I januar 2018 var det om lag 5200 plassar i asylmottak.

 

Kjelder

UDI: «Færre beboere i mottak», udi.no, sist oppdatert 25.1.2018: https://www.udi.no/aktuelt/faerre-beboere-i-mottak/ [lesedato 29.1.2018]

Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven), sist endra 1.1.2018, lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2008-05-15-35 [lesedato 16.1.2018]

UDI: «Ulike typer asylmottak», udi.no: https://www.udi.no/asylmottak/onsker-a-drive-mottak/ulike-typer-asylmottak/ [lesedato 17.1.2018]

Først publisert: 26.04.2018
Sist oppdatert: 26.04.2018