Hopp til innhold
X
Innhald

Helseføretak

I 2001 vedtok Stortinget at staten skulle overta eigaransvaret for sjukehusa frå fylkeskommunane. Med denne sjukehusreforma vart sjukehusa organiserte i helseføretak.

Organiseringa av spesialisthelsetenesta i helseføretak inneber ei styring av sjukehusa og andre spesialiserte helseinstitusjonar som minner om måten større bedrifter vert styrte. Omgrepet helseføretak vert nytta om både det lokale nivået, lokale helseføretak, og det regionale nivået, dei overordna regionale helseføretaka.

Kvart helseføretak kan eige eitt eller fleire sjukehus. Staten eig dei fire regionale helseføretaka: Helse nord RHF, Helse Midt-Noreg RHF, Helse vest RHF og Helse sør-aust RHF. Desse regionale helseføretaka verkar nærmast som konsernleiingar, som igjen eig dei lokale helseføretaka. Både dei regionale og dei lokale helseføretaka har direktørar og styre. Staten, gjennom Helse- og omsorgsdepartementet, gir sine styringsinstruksar til dei regionale helseføretaka. Dei regionale helseføretaka løyser oppgåvene sine etter desse instruksane anten gjennom helseføretaka dei eig, eller ved å kjøpe tenester frå private helseinstitusjonar. Dei rapporterer så attende til Helse- og omsorgsdepartementet om korleis dei har løyst oppgåvene.

Ei viktig grunngiving for sjukehusreforma var eit ønske om sterkare statleg styring, kombinert med lokal fridom. Etter innføringa av helseføretaksmodellen har det kome kritikk frå fleire kantar. I ein sektor der det tidlegare har vore rammefinansiering, har innsatsstyrt finansiering kome inn, noko som inneber at sjukehusa får betalt ut frå den behandlinga dei utfører. Mange forkjemparar for lokalsjukehus rundt om i Noreg har vore kritiske til helseføretaka og til ei for einsidig vektlegging av økonomi.

Innføringa av helseføretaksmodellen skjedde i eit hurtig tempo. I november 2000 gjorde Arbeidarpartiet eit vedtak på landsmøtet sitt om at staten skulle overta sjukehusa. I juni 2001 vedtok eit fleirtal i Stortinget helseføretakslova. Lova vart sett i verk i januar 2002.

 

Kjelder

Haldor Byrkjeflot og Kari Guldbrandsøy: «Både hierarkisk styring og nettverk – En studie av utviklingen i styringen av norske sykehus» i Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 4/2013

Jørgen Vangsnes: «Helseforetak», i Jon Gisle (red.): Jusleksikon. Oslo 2018


Helse- og omsorgsdepartementet: «De regionale helseforetakene», regjeringa.no, oppdatert 24.11.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/helse-og-omsorg/sykehus/innsikt/nokkeltall-og-fakta---ny/de-regionale-helseforetakene/id528110/ [lesedato 2.11.2018]

NTB: «Lokalsykehus-aktivister protesterer mot helseforetaksmodellen», kommunal-rapport.no, publisert 4.9.2017: https://kommunal-rapport.no/helse-politikk/2017/09/lokalsykehus-aktivister-protesterte-mot-helseforetaksmodellen [lesedato 29.11.2018]

Hilmar Rommetvedt og Ståle Opedal: «Sykehus på Løvebakken. Stortingets engasjement og innflytelse før og etter sykehusreformen», Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 2/2005

 

Peikarar

Lov om helseforetak m.m. (helseføretakslova) på lovdata.no

Først publisert: 19.03.2019
Sist oppdatert: 19.03.2019