Hopp til innhold
Elsa Rastad Bråten var den første kvinnelege stassekretæren i Noreg, då ho i 1971 vart statsekretær i Justis- og politidepartementet. Biletkjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Elsa Rastad Bråten var den første kvinnelege stassekretæren i Noreg, då ho i 1971 vart statsekretær i Justis- og politidepartementet. Biletkjelde: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Statssekretær

I eit departement har statssekretæren berre statsråden over seg, og han eller ho verkar som ein fortruleg rådgivar for statsråden. Statssekretæren står i ei særstilling i det norske embetsverket, mellom den politiske og den faglege leiarskapen i departementet.

Rolla som statssekretær vart oppretta i 1947. Føremålet var då at statssekretærane skulle avlaste statsrådane. I 1976 kom ei regulering av rolla inn i Grunnlova § 14, der det i dag heiter: «Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet.»

Statssekretærane er ikkje fast tilsette, dei går av når statsråden går av. Det heng saman med at statssekretærane er tilsette i departementet på politisk, og ikkje fagleg, grunnlag. Som rådgivar for statsråden kan ein statssekretær gi partipolitiske og taktiske råd, medan dei fagleg tilsette skal vere meir objektive. Statssekretærane vert også nytta til å avlaste statsråden og verkar gjerne som ein vikar både i media, i kommunikasjon med partiet og på ulike arrangement der statsråden er invitert.

Det har vore ein markant auke i talet på statssekretærar i Noreg, frå ni i regjeringa Gerhardsen i 1947 til meir enn 40 dei seinaste åra. Fleirpartiregjeringar har synt seg å ha noko fleire statssekretærar enn eittpartiregjeringar. Elsa Rastad Bråten var den første kvinnelege stassekretæren i Noreg, då ho i 1971 vart statsekretær i Justis- og politidepartementet.

I fleirpartiregjeringar har det vorte vanlegare med statssekretærar frå andre parti enn det partiet statsråden representerer. Ei slik kryssing gjer koordinering og kommunikasjon mellom partia i regjeringa enklare. Ein annan tendens er at fleire statssekretærar har erfaring frå kommunepolitikken og frå partiapparata enn det som var tilfelle tidlegare.

Kjelder

Jostein Askim, Rune Karlsen og Kristoffer Kolltveit: «Statssekretærer i norsk politikk: De oversette maktutøverne», Norsk statsvitenskapelig tidsskrift nr. 4/2014
Kjell A. Eliassen: «Statssekretæren – fagmann eller politiker. En undersøkelse av rekrutteringen til statssekretærembetet i Norge», Tidsskrift for samfunnsforskning nr. 1/1972

Elsa Rastad Bråten, biografi, stortinget.no: https://stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ELB_A [lesedato 2.11.2018]

Lovdata: Kongeriket Noregs grunnlov (nynorskversjonen av Grunnlova), lovdata.no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1814-05-17-nn [lesedato 2.11.2018]

Først publisert: 12.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019