Hopp til innhold
Marcus Thrane, omlag 1863. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_01294). Fri lisens.
Marcus Thrane, omlag 1863. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, Flickr.com (biletnr. blds_01294). Fri lisens.
X
Innhald

Marcus Thrane

Marcus Møller Thrane, 1817–90, leiar av den første norske arbeidarrørsla, thranittrørsla. Rørsla kravde allmenn stemmerett, likskap for lova, betre skule og betre levevilkår.

Frå august 1848 og fram til han vart sagd opp frå nyttår 1849, redigerte han Drammens Adresse. Då var den første arbeidarforeininga alt stifta, i Drammen 27. desember 1848. Thrane klarte raskt å organisere arbeidsfolk i by og land: husmenn, tenarar og småbønder, men også byarbeidarar og handverkarar.

Thrane utforma ein petisjon til regjeringa på vegne av rørsla der dei kravde allmenn stemmerett, likskap for lova, betre skule og betre levevilkår. Regjeringa og seinare Stortinget avviste krava, og i 1851 vart Thrane og dei andre leiarane arresterte. I 1854 vart i alt nesten 200 dømde. Thrane fekk fire års fengsel. Han mislukkast i å gjenreise rørsla etter at han slapp ut. I 1863 utvandra han til USA. Der verka han mellom anna som redaktør.

galleri

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2015
Sist oppdatert: 07.08.2017