Hopp til innhold
X
Innhald

AFL-CIO

AFL-CIO, American Federation of Labor and Congress of Industrial Organizations, er ein paraplyorganisasjon for ei rekkje fagorganisasjonar i USA.

Paraplyorganisasjonen vart danna i 1955 då organisasjonane AFL og CIO vart slegne saman. AFL vart grunnlagd i 1886. CIO vart starta i 1935 av forbund som braut ut av AFL. AFL-CIO representerer meir enn 12 millionar arbeidarar (2013).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2014
Sist oppdatert: 22.04.2014