Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidstid

Arbeidstid vert juridisk definert av arbeidsmiljølova som den tida arbeidstakaren står til disposisjon for arbeidsgivaren. Arbeidstida følgjer av ein individuell arbeidsavtale og ein eventuell tariffavtale. Lova forbyr nattarbeid og arbeid på søn- og heilagdagar. Slikt arbeid kan berre drivast dersom lova sjølv gir heimel for det, dersom slikt arbeid vert avtalt med tillitsvalde eller dersom Arbeidstilsynet gir løyve til det. Den vanlege arbeidstida må ikkje overstige ni timar i døgnet og 40 timar i veka i vanlege arbeidstilhøve. Arbeid utover desse grensene er overtidsarbeid. Arbeidsmiljølova inneheld maksimumsreglar, og mange tariffavtalar operer med 37,5 timars veke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012