Hopp til innhold
X
Innhald

Bedriftsdemokrati

Bedriftsdemokrati er nemninga for den representasjonsretten tilsette har i dei styrande organa i ei verksemd. Lova om bedriftsdemokratiet som berre galdt aksjeselskap, tredde i kraft 1. januar 1973. I 1980 vart prinsippet om at tilsette skulle kunne vere med på å ta avgjerder i arbeidslivet, grunnlovsfesta. Bedriftsdemokratinemnda handsamar søknader om unntak og tvistar om retten dei tilsette har til representasjon i avgjerande organ. Dessutan tek nemnda opp spørsmål om oppretting og gjennomføring av konsernordningar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012