Hopp til innhold
X
Innhald

Fagforeining

Fagforeining er ei lokal samanslutning av arbeidstakarar innafor same industrigrein eller fag.

Den første levedyktige fagforeininga i Noreg var Oslo typografiske forening som vart stifta i 1872.

I område med fleire verksemder innafor same fag vert det ofte oppretta fagforeiningsklubbar i kvar einskild verksemd. Dei fleste fagforeiningar er knytte til eit fagforbund. Fagforbunda er igjen ofte samla i hovudsamanslutningar, også kalla hovudorganisasjonar. Av hovudsamanslutningar på arbeidartakarsida er det i Noreg fire store organisasjonar: Landsorganisasjonen i Norge (LO), Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede (UNIO), Yrkesorganisasjonens Sentralforbund (YS) og Akademikerne.

Arbeidsgjevarar blir organisert i eigne hovudsamanslutningar, som Virke eller NHO.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 02.11.2016