Hopp til innhold
X
Innhald

Forhandlingsrett

Forhandlingsrett er retten dei tilsette gjennom organisasjonane sine har til å krevje forhandlingar med arbeidsgivarane eller organisasjonane deira. Forhandlingsretten til fagforeiningane er lovfesta for statstenestemenn og stort sett akseptert i det private næringslivet og i kommunesektoren. Reglane for korleis forhandlingar skal førast er avgjorde i tenestetvist- og arbeidstvistlovene, og gjennom avtalar mellom organisasjonane til arbeidsgivarane og arbeidstakarane, til dømes Hovudavtalen mellom Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012