Hopp til innhold
X
Innhald

Fredsplikt

Fredsplikt er ei lov- og avtalefesta avgrensing av retten arbeidstakarane eller arbeidsgivarane har til å ta i bruk kampmiddel, som til dømes streik eller lockout, i ein tariffperiode eller under mekling mellom partane. Slike kampmiddel kan berre brukast når tariffavtalane har gått ut. Politiske demonstrasjonsstreikar og sympatiaksjonar skal handsamast av Arbeidsretten som òg kan døme aksjonar som ulovlege.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.09.2012
Sist oppdatert: 13.09.2012