Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudavtalen

Hovudavtalen mellom Landsorganisasjonen i Norge (LO) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) omfattar i første rekkje reglar om organisasjonsfridom, forhandlingar, tillitsvaldordninga, samarbeid på arbeidsplassen og løysing av verne- og miljøspørsmål.

Avtalen som ofte vert kalla «arbeidslivets grunnlov», vart oppretta i 1935 og er sidan revidert ei rekkje gonger, vanlegvis kvart fjerde år. 

Hovudavtalen er første delen i alle tariffavtalar. Han inneheld ikkje noko om lønstilhøve, men har hatt svært mykje å seie for orden, trivsel og rettstilhøve i arbeidslivet. Ikkje minst verdfulle er reglane avtalen har om gjensidige plikter og rettar og om samarbeid mellom tillitsvalde og verksemdene.

Handsaming av hovudavtalen i 1935. Foto: Fotokompaniet, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.Ø51/0580) CC BY-SA 3.0.

Handsaming av hovudavtalen i 1935. Foto: Fotokompaniet, kjelde: Oslo Museum / oslobilder.no (biletnr. OB.Ø51/0580) CC BY-SA 3.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 08.08.2017