Hopp til innhold
X
Innhald

Interessetvist

Interessetvist er ein arbeidstvist om kva som bør gjelde, til dømes lønsstorleik. I tariffperioden er det fredsplikt. Når ein ny tariffavtale skal inngåast, kan, dersom ikkje mekling fører fram, slike tvistar verte løyste gjennom arbeidskamp. Rettstvist i tarifftilhøve er ein tvist om tariffavtalen er gyldig, om forståringa av avtalen eller om krav som botnar i ein tariffavtale. Rettstvistar vert løyste av Arbeidsretten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 14.09.2012