Hopp til innhold

Antenne

Antenne

Antenne, ein teknisk konstruksjon, vanlegvis av metalltråd eller stenger, som blir brukt til å sende ut eller ta imot elektromagnetiske bølgjer.

Les meir om Antenne

Antikatode

Antikatode, elektrode som står rett overfor katoden i eit røntgenrøyr og gir frå seg røntgenstrålar når han blir treft av elektronstrålane frå katoden.

Les meir om Antikatode

Data

Data (fleirtal av latin datum, ’noko som er gitt’), faktiske opplysningar, oppgåve – særleg med opprekning av tal, tidspunkt eller liknande, og ofte i teknisk samanheng. 

Les meir om Data

Datex

Datex, ei tidlegare teneste som Televerket hadde for å overføre data over det linjesvitsja offentlege datanettet.

Les meir om Datex

Detektor

Detektor

Detektor (latin, eigentleg ’oppdagar’), nemning på instrument som avslører eller lokaliserer bestemte fenomen, til dømes løgndetektor, og stoff, til dømes metalldetektor

Les meir om Detektor

Elektronikk

Elektronikk, den greina av elektroteknikken som handlar om elektrisk straum i form av elektron i vakuum, fortynna gassar og halvleiarar.

Les meir om Elektronikk

Elektronrøyr

Elektronrøyr eller radiorøyr, eit røyr med ein lufttom behaldar og to eller fleire elektrodar. Elektronrøyret blei funne opp av Lee de Forest i 1906.

Les meir om Elektronrøyr

Fotoelement

Fotoelement, lysfølsam elektrisk komponent, til dømes ei fotocelle, ein fotodiode, ei fotospenningscelle eller ein fototransistor.

Les meir om Fotoelement

Hi-fi

Hi-fi (av engelsk high fidelity, ’høg truskap’), nemning på særleg god, naturtru kvalitet ved attgiving av lyd.

Les meir om Hi-fi

Koaksialkabel

Koaksialkabel, elektrisk kabeltype med éin sentral leiar og éin leiar som ligg som kappe eller strømpe rundt, med isolasjon mellom dei to. 

Les meir om Koaksialkabel

Kortslutning

Kortslutning, det som skjer når straumen i ein elektrisk krets kan ta kortare veg enn det som var tenkt, til dømes ved at isolasjonen er blitt defekt.

Les meir om Kortslutning

Lydband

Lydband, band som kan magnetiserast og brukast til opptak og avspeling av lyd i bandopptakarar, kassettspelarar og så vidare.

Les meir om Lydband

Lysboge

Lysboge, fenomen som oppstår når elektrisk straum slår over mellom to leiarar som har ein viss avstand. Det blir brukt ved sveising, i lysbogeomnar og i bogelampar.

Les meir om Lysboge

Multipleksar

Multipleksar, utstyrseining som tek imot fleire inngåande signal og kombinerer dei til eitt enkelt utgåande signal på ein slik måte at kvart av dei inngåande signala kan delast opp att. 

Les meir om Multipleksar

NTSC

NTSC (National Television System Commission), opphavleg komiteen som utvikla det amerikanske fargefjernsynssystemet. I dag blir det brukt som namn på sjølve systemet.

Les meir om NTSC

Parallellkopling

Parallellkopling, kopling av elektriske element slik at alle positive og alle negative polar blir kopla saman kvar for seg til eit batteri. Den samla spenninga blir då lik spenninga til enkeltelementa, slik at batterikapasiteten blir lik summen av enkeltelementa.

Les meir om Parallellkopling

ppi

ppi (forkorting for pixels per inch), biletpunkt per tomme, eit mål på oppløysinga i eit digitalt bilete. 

Les meir om ppi

Relé

Relé (av fransk relais, ’avløysing’), ein type utstyr som gjer at ein ved låg effekt kan bryte eller slutte kontaktar i ein krets med høg effekt. 

Les meir om Relé

SECAM

SECAM (Séquentiel Couleur à Mémoire), teknisk sendesystem for fargefjernsyn som har vore brukt i Frankrike, landa som høyrde til Sovjetunionen, og Afrika.

Les meir om SECAM

Sterkstraumsteknikk

Sterkstraumsteknikk, den del av elektroteknikken som omfattar framstilling, overføring og bruk av elektrisk energi til mellom anna lys, varme og mekanisk arbeid. 

Les meir om Sterkstraumsteknikk

Stigeleidning

Stigeleidning, elektrisk leidning som fører frå hovudfordelingsanlegget i ein bygning til bruksstaden, til dømes ei leilegheit i ei bustadblokk.

Les meir om Stigeleidning

Stjernekopling

Stjernekopling, kopling av dei tre faseviklingane i mellom anna ei trefase-vekselstraummaskin og ein transformator som gjer at viklingane dannar ei stjerne. 

Les meir om Stjernekopling

Svakstraumsteknikk

Svakstraumsteknikk, del av elektroteknikken som omfattar bruk av elektrisitet i anlegg for overføring av data – mellom anna tale, musikk, bilete og meldingar.

Les meir om Svakstraumsteknikk

Termistor

Termistor (av gresk therme, ’varme’), elektrisk motstand som har ein resistans som varierer med temperaturen, slik at resistansen minkar når temperaturen aukar.

Les meir om Termistor