Hopp til innhold
X
Innhald

Antenne

Antenne, ein teknisk konstruksjon, vanlegvis av metalltråd eller stenger, som blir brukt til å sende ut eller ta imot elektromagnetiske bølgjer.

Når det blir sendt ut bølgjer, blir høgfrekvent elektrisk vekselstraum danna om til elektromagnetiske bølgjer, som så forplantar seg utover frå antenna. Ved mottaking vil elektromagnetiske bølgjer indusere elektriske straumar og spenningar som blir førte inn i mottakaren.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018