Hopp til innhold
X
Innhald

COSPAS-SARSAT

COSPAS-SARSAT, satellittsystem av geostasjonære og sirkumpolare satellittar og tilhøyrande bakkestasjonar. 

Det blei etablert i 1979 av Canada, Frankrike, USA og den tidlegare Sovjetunionen. Sidan den gongen har fleire statar slutta seg til drifta. Systemet blir brukt til å ta imot naudsignal og sende desse vidare til lokale redningsstyresmakter. Systemet kan rekne ut posisjonen til naudsignal ved hjelp av dopplerteknikkar, altså visse utnyttingar av variasjonar i bølgjelengdene på elektromagnetiske signal.

 

Kjelder

«International Cospas-Sarsat Programme», cospas-sarsat.int: https://www.cospas-sarsat.int/en/about-us/about-the-programme [lesedato 29.11.2017]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018