Hopp til innhold
X
Innhald

Digital kommunikasjon

Digital kommunikasjon, kommunikasjon der den utveksla informasjonen er koda i eit endeleg tal tilstandar, som oftast ved hjelp av det binære talsystemet. Alle teikn blir då koda binært som ein kombinasjon av 1 og 0. Også tidsvarierande signal (til dømes lyd) kan digitaliserast.

Med faste tidsintervall (fleire tusen gonger per sekund) blir det teke ei prøve av signalnivået (‑styrken). Denne blir runda av til næraste standardverdi og gjord om til eit binært tal. Fordelen ved digital kommunikasjon er at det ikkje er informasjonen i seg sjølv som blir send, men «informasjon om informasjonen». Det gjev høg støyimmunitet og betre kommunikasjonskvalitet over lengre avstandar.

Bruksområda er primært telefoni, datakommunikasjon og til dømes CD-, DVD- og Blu-ray-plater. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018