Hopp til innhold
X
Innhald

dpi

dpi, forkorting for dots per inch, altså punkt per tomme. 

Dette kan uttrykkje oppløysinga på ein skrivar og viser til kor mange fargepunkt som blir trykte per tomme på papiret. Laserskrivarar har normalt 300–600 dpi. Trykk bør minst ha 1200 dpi. 

I samband med sensitiviteten til ei datamus er dpi eit mål på kor langt musepeikaren flyttar seg på skjermen i forhold til rørsla til sjølve musa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018