Hopp til innhold
X
Innhald

Elektronrøyr

Elektronrøyr eller radiorøyr, eit røyr med ein lufttom behaldar og to eller fleire elektrodar. Elektronrøyret blei funne opp av Lee de Forest i 1906. Det enklaste elektronrøyret er dioden, der det frå den glødande katoden går ein straum av elektron til den positivt ladde anoden, medan ein straum den motsette vegen ikkje er mogleg.

Elektronrøyr blir brukte til likeretting av vekselstraumar. Ved hjelp av eitt eller fleire gitter mellom anoden og katoden kan ein påverke elektronstraumen. Svake signal (spenningsforandringar), til dømes frå ei radioantenne, blir førte til gitteret og skaper sterke forandringar i elektronstraumen, slik at elektronrøyret verkar som ein forsterkar. Ut frå kor mange elektrodar dei har, blir elektronrøyra kalla triode (3), tetrode (4) og så vidare.

I dag er elektronrøyr så godt som heilt avløyste av transistorar og blir berre brukte i spesialutstyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018