Hopp til innhold
X
Innhald

Høgfrekvensoppvarming

Høgfrekvensoppvarming, oppvarming ved hjelp av raskt vekslande (høgfrekvent) elektrisk straum ved at dei magnetiske vekselfelta som er knytte til straumen, induserer vekselstraumar i elektrisk leiande stoff i nærleiken.

I induksjonssmelteovnar blir denne effekten brukt til å smelte metall. Han blir også brukt til oppvarming, til dømes ved herding av stål. Høgfrekvensoppvarming kan dessutan brukast til oppvarming av ikkje-leiande stoff ved at rasktsvingande elektriske felt får molekyla i stoffa til å svinge i takt, og det blir utvikla friksjonsvarme. 

Denne teknikken blir mellom anna brukt i medisinsk behandling, plastsveising og til oppvarming av mat (mikrobølgjeomn).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018