Hopp til innhold
X
Innhald

Høgtalar

Høgtalar, apparat som gjer om elektriske svingingar til lyd som kan høyrast av fleire personar.

Dei første høgtalarane var elektromagnetiske. Det vil seie at dei elektriske svingingane magnetiserte eit anker i eit magnetfelt, slik at ankeret utførte små rørsler i takt med svingingane. Desse rørslene blei overførte til ein membran, som sende dei vidare som lyd.

I dag brukar ein mest permadynamiske høgtalarar, der membranen er bunden saman med ein spole i feltet til ein permanent magnet. Svingingane i straumen gjennom spolen får spolen til å røre på seg. Det finst også elektrostatiske høgtalarar, der membranen er ei plate i ein kondensator og blir sett i svinging av den skiftande tiltrekkinga mellom kondensatorplatene.

Piezoelektriske høgtalarar (krystallhøgtalarar) utnyttar det faktumet at elektriske svingingar får visse krystallar til å vibrere.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018