Hopp til innhold
X
Innhald

Integrerte kretsar

Integrerte kretsar, fast samankopla elektroniske komponentar med komplett innbyrdes leidningsføring. Dei er sentrale innanfor datateknologien, og er ein del av dei fleste elektroniske apparat. 

Integrerte kretsar blir framstilte i ein felles produksjonsprosess (monolittisk). Alternativt kan visse komponentar bli framstilte separat, men føydde inn i eit seint trinn i produksjonsprosessen. Vi snakkar då om hybride integrerte kretsar. Moderne integrerte kretsar er i hovudsak sette saman av transistorar, som regel fleire millionar av dei.

Utvikling, produksjon og kontroll av integrerte kretsar krev kostbart utstyr, men det eignar seg for masseproduksjon, og prisen per eining kan derfor bli låg. Etter kvart som teknologien utviklar seg, kan ein lage transistorane stadig mindre, og dette gjer det mogleg å produsere stadig meir avanserte kretsar på eit lite areal. Integrerte kretsar er svært pålitelege, dei er små og har lågt energiforbruk, og dei er i dag svært mykje brukte.

Integrerte kretsar er sentrale innanfor datateknologien, og dei er ein del av dei fleste elektroniske apparat. Nokre døme på integrerte kretsar er prosessoren i ei datamaskin og lagringsmediet i ein USB-minnepinne. Det er også ein mikroprosessor i form av ein integrert krets som gjer det mogleg å plugge inn Lightning-ladekabelen til iPhone kva veg som helst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018