Hopp til innhold
X
Innhald

Kassettspelar

Kassettspelar, magnetbandspelar der bandet går frå den eine spolen til den andre inne i ein kassett, i motsetning til den tradisjonelle magnetbandspelaren, der bandet går mellom lause spolar.

Kassettspelarane var tidlegare svært utbreidde. I 1963 blei den vanlege kompaktkassetten introdusert. Ein ny type kassett kom med DAT (Digital Audio Tape), som har lydkvalitet på linje med CD-plater. Magnetbandkassettar har også vore brukte i dikteringsmaskiner og i samband med datamaskiner. For opptak og avspeling av bilete var det vanleg med videokassettar, som brukte den same teknologien med magnetband.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.09.2018
Sist oppdatert: 25.09.2018