Hopp til innhold
X
Innhald

Lysmålar

Lysmålar eller fotometer, instrument som blir brukt til lysmåling. 

I eit fotokamera måler lysmålaren lysstyrken for å få rett eksponering av biletet. Lysmålaren er i dag vanlegvis innebygd i kameraet og er heil- eller halvautomatisk. Det finst ulike typar lysmålarar; CdS-lysmålarane nyttar ei kadmiumsulfidcelle, medan selenlysmålarane har ei selencelle som lysfølsamt element.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018