Hopp til innhold
X
Innhald

Lysmåling

Lysmåling, måling av styrken (intensiteten) til ei lyskjelde, av lysstraum eller av lysstyrke. I praksis vil det seie at det er lysstraumen eller lysstyrken som blir målt, og ein kan då rekne tilbake til styrken til lyskjelda.

Den grunnleggjande måleininga er candela, som blir skrive cd. Til måling av lys blir det brukt ein lysmålar eller eit fotometer. Kor følsamt auget er for lys, varierer med bølgjelengda til lyset, altså fargen. Det same gjer dei stoffa som utgjer den lysfølsame delen av lysmålaren, og stoffa har ulik fordeling av reaksjonen overfor dei ulike delane av det spekteret av bølgjelengder dei er følsame for.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2018
Sist oppdatert: 26.09.2018