Hopp til innhold
X
Innhald

Magnetband

Magnetband, band som er dekt av eit materiale som kan magnetiserast, vanlegvis metalloksid. Ved at bandet passerer ein magnetiseringsspole (lydhovud, innspelingshovud), blir det magnetisert i takt med variasjonen i straumen i magnetiseringsspolen. Magnetband blir brukte i magnetofonen (lydbandopptakar, kassettspelar) til registrering av lydsignal. Magnetbandteknikken har også vore i bruk for videospelarar og datamaskiner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2018
Sist oppdatert: 26.09.2018