Hopp til innhold
X
Innhald

Mikrobølgjeomn

Mikrobølgjeomn, elektrisk omn som utnyttar varmeutvikling ved mikrobølgjer. 

Høgfrekvens-induksjonsomnar blir brukte til oppvarming av elektrisk leiande materiale ved at det oppstår virvelstraumar i det ytste sjiktet av materialet. I ikkje-leiande materiale framkallar mikrobølgjene dielektriske tap som fører til jamn oppvarming av heile materialet. Mikrobølgjer blir brukt industrielt og i restaurant- og hushaldsomnar til rask oppvarming. Ein mikrobølgjeomn varmar opp mat ved at mikrobølgjene aukar rørsla til molekyla i maten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018