Hopp til innhold
X
Innhald

Multipleksar

Multipleksar, utstyrseining som tek imot fleire inngåande signal og kombinerer dei til eitt enkelt utgåande signal på ein slik måte at kvart av dei inngåande signala kan delast opp att. 

Multipleksing er viktig i kommunikasjonssystem der fleire brukarar deler på den same overføringskanalen, til dømes telefoni. Ein demultipleksar gjer den motsette operasjonen.

I digitalteknikken er ein multipleksar ei blokk som har to eller fleire inngangssignal, og som ved hjelp av kontrollsignal vel kva for nokre av desse som skal sendast vidare til utgangen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018