Hopp til innhold
X
Innhald

Parallellkopling

Parallellkopling, kopling av elektriske element slik at alle positive og alle negative polar blir kopla saman kvar for seg til eit batteri. Den samla spenninga blir då lik spenninga til enkeltelementa, slik at batterikapasiteten blir lik summen av enkeltelementa.

Parallellkopling er også ei nemning for at elektriske komponentar blir kopla slik at kvart av setta med tilkoplingspunkt blir kopla saman kvar for seg. Ved tilkopling av spenning vil spenninga bli den same over alle komponentane, medan straumen vil kunne fordele seg ulikt. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.03.2018
Sist oppdatert: 02.03.2018